NRK: – Bør få eigne ADHD-senter

Standard

Klasserom, illustrasjonsbilde (Foto: http://www.colourbox.com/)

ADHD: I gjennomsnitt har eitt barn i kvar skuleklasse ADHD i Norge. (Illustrasjonsfoto)

                                                                                                    Foto: http://www.colourbox.com/
 
 

LINK TIL ARTIKKELEN

Psykologspesialist Peter Arnesen ved Sørlandets kompetansesenter
meiner psykiatrien ikkje handterer diagnosen godt nok.

– Eg har tenkt på om vi organiserer oss riktig. Kunne vi til dømes samle det i senter og ikkje spreie det slik vi gjer no, seier Arnesen til NRK.no.

I ei undersøking Arnesen nett har gjort etterlyser mange med ADHD nettopp eigne kompetansesenter. No meiner han at norske sjukehus bør få eigne ADHD-senter.

– Eigentleg ikkje sjuke

– Ein kan samle folk som er motivert for å jobbe der. Kanskje er det slik at mange av dei innanfor psykiatrien kanskje ikkje er så motivert for å jobbe med det. Dei likar å jobbe med andre ting, seier han.

– Dei stadene det kanskje ikkje går så bra er det kanskje på grunn av at psykiatrane ikkje har gode nok modellar for å jobbe med menneske som eigentleg ikkje er sjuke i psykiatrisk samanheng, seier Arnesen.

I Norge reknar Helse- og sosialdirektoratet med at 3–5 prosent av barn og unge under 18 år har ADHD. Det inneber i gjennomsnitt eitt barn med ADHD per skuleklasse.

– Stor utfordring

For to år sidan fekk vel 11 000 barn og unge behandling med legemiddel, viser tal frå reseptregisteret. I dag er ADHD psykiatrien sitt ansvar. Arnesen meiner det er på tide å tenkje nytt.

– ADHD er ei utfordring for ei ganske stor del av befolkninga. Det er veldig mange andre tilstandar som talmessig ikkje store som ADHD, men likevel får veldig mykje samfunnsmessig fokus, seier han.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s